Fotoutstilling

Da er eg komme tilbake til Norge og er i gang med vårkurset på Hald. Det har vore rart å vende tilbake til det kalde, stille og seriøse samfunnet eg reiste fra, men så klart er det kjekt å møte familie og venner igjen. Og ikkje minst ete norsk mat, snakke norsk , lese norske aviser og sjå norske TV-program. Mange snakkar om at ein får eit omvendt kultursjokk eller at ein treng å omstille seg på nytt, når ein kjem tilbake til sin eigen kultur etter eit lengre uteopphald. Det ligg mykje i det, men det er nok vanskelig å forstå for dei som ikkje har opplevd det. 7 månader i Peru har faktisk vore lenge nok til å komme på innsida av kulturen og menneska, på godt og vondt. For tida er det lettast å huske alle dei gode minna og sjå på bilder, videoar, minner og sjå på teikningar og helsningar frå ungane og mimre alt det bra ved tida i Iquitos og på La Restinga.
[...]
I går opna Marte, Inger Marie og eg ei fotoutstilling i Kristiansand folkebilbiotek med bilde frå ungar sin kvardag i Peru. Den blei veldig fin, så viss nokon er i området, er det berre og stikke innom. Om to veker sett vi opp den samme utstillinga på Sørlandssenteret. Her er nokre av ungane vi viser bilde av på utstillinga vår.

Les mer: Bentesida

0 kommentar(er):

Legg inn en kommentar