Viser innlegg med etiketten CHRISC Tanzania. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten CHRISC Tanzania. Vis alle innlegg

National Camp


CHRISC i Tanzania har arrangert nasjonal sportsleir. Henrik forteller:
Heilt ifrå etter Kilimanjaroturen har National Camp vore det store arbeidsemnet på CHRISC-kontoret. National Camp er meint å vere det tanzanianske motstykket til KRIK sitt Arena om sommaren, men enormt konkurranseinstinkt og lite gjennomtenkt opplegg har gjort leiren meir lik Norway Cup fram til no. Dette var noko vi, og resten av KRIK i Noreg, var fast bestemte på å endre. At Norsk Folkehjelp, som sit på heile pengesekken til leiren, òg var blitt gretne på dette gjorde at vi hadde kniven på strupa for å få dette til i tillegg. For å gjere ei lang historie kort gjekk dette veldig bra, og forbetringane i forhold til førre år var enorm. Det som kanskje er enno betre er at nøkkelpersonell i CHRISC Tanzania såg at endringane KRIK tvinga fram gjorde leiren til ein mykje betre leir i tillegg, og dette lovar godt for framtidige nasjonale campar.

Etter at vi alle hadde stikke fingeren i jorda kom vi til at Hald-studentar ikkje var de best skikka til å springe rundt og gjere innkjøp og ærend på swahili. Det hadde blitt nokre ganske dyre prisar i tillegg. Eg og Helge, eller H H group som vi so populært heiter, fekk difor ansvar for all dokumentering med bilete og video. Heilt perfekt for min del, og det gav meg frie tøylar til å gå rundt og prate med folk og fe samt å filme og ta bilete av alt som skjedde. No kan eg nok ikkje skryte av å ha filma alt som skjedde, men i ettertid ser eg at mengda med råfilm som skal redigerast er meir enn nok med tanke på den sparsomme tida eg har att her i Tanzania. At eg valgte å ikkje kjøpe flunkande ny pc før eg drog hit ned gjer òg sitt til at det tek tid=)

Les mer: Henrik paa savanna, Kvardags- og Helgeblogg

Med kvikklunsj på Mount Meru

Gutta i Arusha har besteget nok et fjell. Bevæpnet med ryggsekk og Kvikklunsj trosset de bøfler og løver og vill natur og gikk med dødsforakt løs på Kilimanjaros mindre kjente lillebror:
He ej fortalt dej om då ej gjekk mej oppå den derre Kilimanjaroen? Åja.. Ka me Mt. Meru da? Nei, der ser du..det he sej slik: Laurdag 14. Mars hadde både Team Devold og Helgetur tid til å bestige Arusha si stoltheit, nemleg Mt. Meru på 4562 svimlande meter over havet. Som alt anna i Tanzania bør dette talet takast med ei klype salt, men høgt er det iallefall. Med for Team Devold denne gongen var meg sjølv som før, men for Helgetur stilte denne gongen misjonær Per Ove og 1-årsmisjonær Trond istadenfor den totalpanta nybakt pappaen JærJarle.

Les mer: Henrik paa savanna, Kvardags- og Helgeblogg

Mwanza Rock City

Å jobbe som frivillig i CHRISC innebærer en del reisevirksomhet. Helge forteller fra turen sin til Mwanza, Tanzania:
Sist veke reiste Phinneus, Henrik og meg til Mwanza for å lære CHRISC-medlemane der om fyrstehjelp. Sjølv om den jamne tanzanianar vil svare ”It is not far” dersom du spør kvar denne byen ligg, er ikkje Mwanza akkurat eit steinkast frå Arusha. Over 800 km veg av varierande kvalitet skal overvinnast, og reisa starta dermed klokka 0500 frå kåken vår.

Å ta buss i Afrika er ei oppleving som alle bør utsetja seg for i løpet av livet. At tanzanianarar likar å sitje trongt har me erfart på lokaltransporten, og det same gjeld over lenger distansar. 2+3 seter i breidden er litt for mykje for svære nordmenn, og stikkord etter tolv timar er svette, skeiv rygg og ei skinke som har sovna.

Bussjåføren køyrte som om han rappa bussen, og hadde ei sterk overbevisning om at fartshumpar var for syklistar og kvitingar. Det er to grunnar til å stoppe bussen, den eine er for å la passasjerane pisse langs vegen, den andre er dei evindelige politikontrollane. Merk at av- og påstigning ikkje treng å bety at bussen står i ro.

Minst ti gonger på veg til Mwanza vart me stoppa av politiet, militæret eller andre som har opparbeida seg ein viss autoritet, og veit fortsatt ikkje kva dei leiter etter når dei stopper bussen. Frontruta er knust, sjåføren tar femgangen på fartsgrensa (100 km/t i 20-sone), folk ligg i midtgongen og bussen har 9 forskjellige horn men berre ei bremse. Dette overser politibetjentane lett, mot at dei får litt shillings i lommen. Utan kvittering.

Som memnt var det ikkje berre folk i politiuniform som stoppa oss. Ei militærtropp kvilte under eit tre, og stod på skift ute i vegen og stoppa tilfeldig forbipasserande køyrety. Sjølv om eg har ein innebygd skepsis til uniformerte menn med våpen i Afrika (det må ha noko med påverkning frå film å gjere...), vart det berre litt skummelt ein gong. Det var nå me vart stoppa av ein gjeng utan uniform, kun med AK-47. Men også dei ville bare spør om sjåføren hadde det fint, få nokre småsedlar i lomma og så var alt greit. Rart det der.

Etter langt og lenger enn langt kom me til Mwanza Rock City. Henrik var litt gira på å finne ut om byen levde opp til namnet, om den hadde mange AC/DC tribute-band og mykje livemusikk, kanskje ein konsert me kunne gå på? Her tok me diverre grundig feil, byen har fått navnet etter alle steinane i byen, og ikkje på grunn av at musikken er prega av dobbel basstrommepedal og vreng på gitaren. Når det er sagt, så såg eg faktisk ein mann med rastafletter og elgitartrekk.

Etter den verste skuffelsen over mangel på rockemusikk hadde lagt seg, oppdaga me at Mwanza er ein fin by! Ikkje så skitten som Arusha, og litt fredeligare, sjølv om byen er større enn Arusha. Under ser me bilete av Bismarck Rock, denne ligg i Victoriasjøen, eit steinkast frå strandlinja midt i Mwanza by. Å sjå sjø i horisonten var balsam for sjela, og sjølv om dette er ein innsjø er det over 300km frå den eine enden til den andre, og dermed tilfredstiljande sjølv for ein kresen vestlending. Ein anna fordel i Mwanza er at står sola opp seinare og varer lenger utover kvelden, dette passar fint til min døgnrytme!

Les mer: Kvardags- og Helgeblogg, Henrik paa savanna

Kilimanjaro

Man kan ikke bo et halvt år nesten i skyggen av Kilimanjaro uten å ta turen til toppen. Henrik og Helge har vært på ekspedisjon:
Klokka er kvart over to om natta, og GPSen viser 5244 meter over havet.Fem små skritt fylgt av fem pust pause. Fem nye skritt og fem pust pause. Om igjen og om igjen. Sidan eg har GPSen og kontroll på høgdemetrane, går eg først av oss og styrer tempo. Til no har eg gått sakte med vilje, for å ikkje vinne meir enn om lag 160 høgdemeter i timen. Men no går eg på maks turtal, og eg pustar som ein flodhest som akkurat har sprunge ein 3000-meter på under ni minutt. Men me har slettes ikkje sprunge ein 3000-meter, me har gått om lag halvannan kilometer med 500 meter stigning på knapt tre timar.

Siste hytte var Kibo Hut, der me med varierande hell prøvde å få i oss litt næring og nokre timar søvn. Hovudguiden vår, Howard, blir utålmodig og vil dele opp gruppa, slik at dei som har krefter og pust til det kan auke farten for å halde varmen. Fire lag tøy på beina og fem på overkroppen klarer ikkje å hindre at eg frys. Me står no ved Hans Meyer Cave, oppkalla etter den første kvite mann som sette sine bein på toppen av Kilimanjaro. Eg presser ned ei kule norsk julemarsipan og ein Mini-Twix for ikkje å gå næringstom i løpet av natta.

Les mer: Kvardags- og Helgeblogg, Henrik paa savanna

Hvit jul

Størstedelen av Øst-Afrika-teamet har valgt å feire hvit jul i år - på Zanzibar. Hanne forteller:
Det ble hvit jul på meg og. Ikke den tradisjonelle kombinert med is, kulde og lårhalsbrudd, men med palmesus og bølgeskvulp. Etter et par dager i Uganda dro seks andre Act Nowere og jeg til Zanzibar, Tanzania. Det var sol, strand og varmt og jeg var så fjernt fra en norsk jul som overhode mulig, noe som gjorde det litt lettere å ikke være hjemme. Men vi gjorde et tappert forsøk på å skape julestemning. Vi hadde bakt julekaker, fått pepperkaker og marsipan fra Norge og jeg fant frem twistposen som har ligget i kofferten min siden 1. oktober. Julaften ble startet med frokost etterfulgt av ”Tre nøtter til Askepott”, deretter ble det gaveåpning på stranden. Kvelden tilbrakte vi på et finere hotell og spiste oss julemette på buffet, etter det ble det julesang rundt en palme mens andre turister så rart på oss og tok bilder.

Resten av dagene ble brukt til å sole oss og til å vente på mat. Når det som oftest tar godt over en time fra man bestiller til man får maten, og man gjør dette to ganger om dagen går det en del tid kan man si. Men vi hadde kortstokker og godt mot, så det gikk greit. Vi fikk sett oss litt rundt, handlet litt suvenirer og badet med delfiner.

Delfinsafarien var en historie for seg selv. Ti turistbåter på jakt etter delfiner og idet det kommer en roper guidene ”jump, jump”, så ligger man der og kaver da og det er ikke godt å si hvem man bader mest med turistene eller delfinene. Marit og jeg var allikevel heldige og klarte å forville oss inn i en flokk. Flokken delte seg etter hvert og Marit dro med den ene halvdelen mens jeg ble svømmende med den andre. Det var helt fantastisks! Helt alene midt i en flokk på sikkert ti delfiner. Da den ene delfinen begynte å gjøre sitt fornødende rett mot meg hadde jeg valget mellom å gi meg eller gjøre som de andre delfinene å svømme videre, noe jeg selvfølgelig gjorde. Jeg var jo under vann uansett.

Les mer: Hannes Rwanda, Kvardags- og Helgeblogg, ~ Linn Silje goes African ~, Anders i Kampala, MARIT SIN UGANDABLOGG
I løpet av juleferien ble også årets adventsbart kåret, og Henrik gikk av med seieren.
Deltakerne i konkurransen. Flere bilder finner du på Det offisielle mustasjeforumet.

En kåring av beste lokale antrekk ble også foretatt, men her endte det med delt førsteplass på alle deltakere:
(Foto: Henrik paa savanna)

Adrenalin og erfaringsutveksling ved Nilens kilde

Rett før jul ble det avholdt «Infield-kurs» for Hald-studentene i Øst-Afrika. Kurset gikk av stabelen i Jinja, Uganda, der Nilen renner ut av Victoria-sjøen. Litt tid til moro ble det også. Fredrik forteller:
Hvert aar organiserer Hald en samling for studentene i en region rundt juletider. For oss ville det si at 14 Hald-studenter som bor i Kenya, Tanzania, Rwanda og Uganda, plus to laerere som kom ned fra Norge, moettes i 5 dager i Jinja i Uganda. Det hadde vi evaluering av oppholdet saa langt, i tillegg til aa dele opplevelser og erfaringer med hverandre. Aa faa luftet og fordoeyet tanker og inntrykk paa denne maaten er veldig deilig midt i oppholdet.

Hoeydepunktet i Jinja var helt klart strikkhopping i Nilen. Som den adrenalinjunkien jeg er var ikke dette min foerste gang, jeg hoppet paa Rjukan for et par aar siden ogsaa. Det viser seg imidlertid at aa slenge seg utfor en avkant 44 meter over vannet med en 20 centimeter tykk traad rundt beina ikke blir noe mindre fantastisk selv om man har gjort det en gang foer.

Les mer: Anders i Kampala, Fredrik goes to Africa, Kvardags- og Helgeblogg, Henrik paa savanna, ~ Linn Silje goes African ~ (engelsk)

Water boy

Kapteinen på Nyerere FC U16 lyfter pokalen (Foto: Kvardags- og Helgeblogg)
I slutten av november arrangerte CHRISC en stor turnering for alle ungdomslagene i Arusha. Henrik ble sittende med et stort og tyngende ansvar under arrangementet:
CHRISC her i Arusha arrangerar eit heilt ligasystem for ungar under 12, 14 og 16 aar, og det er heile 5 soner rundt om. Vinnarane av desse braka saman i ein "final battle" paa Arusha stadion, "theatre of dreams", og med to mzunguar med ei jokerrolle. Helge var ikkje heilt i form etter ein lang og fortruleg nattleg samtale med elgen Helge og hadde ingen spesielle rolle anna enn aa vere mzungo og joker. Eg, som ikkje skulle verte sjuk foer seinare paa kvelden denne dagen hadde det aerefulle og tyngande vervet aa vere vatnansvarleg. Svaere greier, og eg er glad eg har 4 aars universitetsutdanning som ballast for aa klare oppgaava.

Les mer: Henrik paa savanna
Helge forteller videre:
Stemninga var god og fair play stod sterkt, men som alle veit er jo det viktigaste ikkje å delta, men å vinne. På biletet ser me Nyerere FC ta i mot pokal for siger i U16-klassen. Nyerere var for øvrig namnen på presidenten i Tanzania 1961-1985, og blir rekna som landsfader. Eg føler annakvart lag heiter Nyerere FC.Dei laga som ikkje heiter Nyerere FC, bruker fylgjande oppskrift på å finne lagnamn:

Young ----Stars
Tanzania --Warriors
Arusha ----Tigers

Vel eit namn frå venstre kolonne, og eit frå høgre. Ferdig.
CHRISC er eit litt anna opplegg enn KRIK heime, sidan CHRISC også må ta rolla som vanleg idrettslag, fotballforbund og så vidare. Difor er konkurransepreget litt sterkare enn eg er vand med i Noreg, men etter kvart har eg innsett at det kanskje funker best slik her nede. CHRISC-ligaane berre i Arusha sysselset meir enn 1000 ungdomar med sunn aktivitet, som held dei vekke frå limsniffing og kriminalitet, som er dei andre fritidstilboda her nede. I tillegg får dei høyre Guds ord, lærer å oppføre seg fair play, og mange av dei får etterkvart leiaransvar som kan anvendas på andre områder i livet. Så konklusjonen min er at CHRISC fungerer som bistand!

Les meir: Kvardags- og Helgeblogg

Bryllupssangerne

Henrik og de andre mzee-ene. Ti ekstrapoeng for maasai-mønstret dress... (foto: Kvardags- og Helgeblogg)

Helge og Henrik har vært med i et ekte tanzaniansk bryllup, både som gjester, og som en del av underholdningen. Kjempekjekt, konkluderer Henrik:
Bryllaup e kjempekjekt, ogsaa i Afrika kan ej konstatere etter denne helga. Laurdag 08. gifta Aron, sjefen vaar paa chrisc-kontoret, seg og vi var inviterte. Ikkje nok med det, Helge hadde i tillegg invitert oss til aa synge i bryllaupet. Vi hadde laga til eit svaert nummer med keyboard med rytmeboks, melodikasolo og fleirstemt refreng. Men so gjekk straumen ein halvtime foer vielsen starta! (Det vil seie ca ein time etter det som stod paa innbydelsen) Loeysingsorienterte som vi er fann vi det best aa la Helge gjere tingen sin paa melodika, og eg song av full hals heile songen aleine.

Dei som kjenner oss vil vel ikkje verte overraska over at innslaget vi hadde planlagt hadde eit snev av nachspiel og userioesitet over seg, slett ikkje nedtona av den nysydde maasaidressen min. Noelinga var difor stor daa vi vart kalla fram rett foer vielsesseremonien skulle starte for aa framfoere. Kanskje var Aron sin tanke og vaar tanke for innslaget ikkje heilt lik? I ettertid ser eg at dette kan fort stemme, men vi har enno ikkje hoeyrt nokre sure miner (eller saerleg skryt for den del) Men vi fekk heldigvis mange "Thank you for singing", so heilt feil kan det ikkje ha vore. Laerdomen e at med maasaidress verte det aldri feil!

[...]

Festen etterpaa var heilt sjef, og eg er veldig glad Helge og ein misjonaer som heiter Per Ove var med aa oppleve det. Ken skulle eg veksla blikk, glede og latter med viss ikkje?! Vi kan vel seie at vi har faatt vaar del bongo flava love songs og "Nakupenda" (I love you), og kanskje ogsaa brassmusikk. Av snodige, men artige, ting var kanskje dette det kulaste: Den tradisjonsrike heilstekte bryllaupsgeita som brudeparet mata til seg sjoelv og naer familie.

[...]


Ein heilt kjempekjekk dag til, ka e oddsa?

Les mer: Henrik paa savanna

Til Haydom og tilbake igjen


Henrik og Helge har vært ute på et aldri så lite eventyr. Turen gikk til «eventyrslottet» Haydom Lutheran Hospital. Helge forteller:
Den 5. november var starten på ein ganske absurd oppleving her nede. Me stod og snakka med ”Peri” som i tillegg til å jobbe på NLM sitt Scripture Mission-prosjekt og jobber litt for CHRISC i Arusha, og plutseleg fekk han for seg at Henrik og meg skulle til Haydom dagen etter. Det har seg slik at Eivind Johannes, som er pilot for MAF, skulle ein snartur innom Haydom, og han hadde ledige seter i flyet dersom me ville slenge oss på.

For dei som ikkje veit kva Haydom er, så dreier det seg om eit sjukehus som ligg øde til midt på høgslettene ved Great Rift Valley, retning vestover frå Arusha. [...] Det dreier seg ikkje om eit kva som helst sjukehus [...] Gjennom heile barndomen har me samla inn pengar til dette eventyrslottet langt langt vekke i eit land der dei kviler hovudet på ein liten krakk når dei søv, drep løver om dei ikkje søv og der alle smiler fint og oppstil på lysbiletene som den aldrande misjonæren viser stolt for heimbygda si. For meg, og sikkert for mange andre, har Haydom ein spesiell status. Kvart år strikker bestemødre sokkar til julemessa, ungar sel sjølvlagde malerier og til og med 14-åringar som er alt for kule til slikt går med på å vaske bilen til far for 100 kr når det er snakk om Haydom. Haydom Lutheran Hospital. Og plutseleg får me moglegheit til å besøkje dette vidunderet! Det er klart me takkar ja!

[...]

Til tross for mørke skyer trua gjekk turen inn til Haydom svært knirkefritt. Det var faktisk ein fordel med skyene. Eitmotors stempelmotorfly har ikkje lov å flyge på instrument, altså i skyer og i mørkre, dermed flaug me lågt og fekk sjå endå betre!Henrik og Nikodemus i firsprang rundt paa Haydom

Vel framme på Haydom blir me køyrde inn på sjukehusområdet i lag med sjukehusdirektør og visedirektør, før me inntok ein rask, men god lunsj i familien Olsen si stove. No hadde me mindre enn ein time til flyet vårt gjekk i retur, så me sprang rundt på sjukehuset medan labteknikar Nikodemus eminent forklarte kva dei ulike bygningane innehaldt. Akkutmottak her, fødestove der, tuberkulosesengepost, avrusingsklinikk, radiografi, laboratorium, barneavdeling. Så fort gjekk det, klokka nærma seg drastisk tre, me takka for omvisninga og vart køyrde ut til flystripa.

Men i løpet av av omvisninga hadde det byrja å regne. Og her snakker me ikkje om yr, men ekte høljeregn. Småfly er ikkje så glade i regn, spesielt ikkje under letting og landing. Dermed sat me på flystripa og venta på betre tider. Siste avgangstid nærma seg, me måtte vere i Arusha før sola gjekk ned. Me kom oss av garde i eit ”vindauge” 20 minutt før deadline, etter dette hadde me fått ei ekstra natt i Haydom om me ville det eller ikkje. Etter ein time i lufta der me såg Great Rift Valley, karakteristiske masailandsbyar, og ikkje minst litt etterlengta vatn i elveleia kring i landet, var me attende i Arusha.

Eventyrslottet i landet langt langt vekke er fortsatt eit eventyr, men eit eventyr me har sett med eigne auge! Ikkje berre eit sjukehus som betyr liv eller død for eit hav av folk, men også ein arbeidsplass for over 500 lokalt ansatte, sjukepleiarskule, gardsdrift og meir. Så, til alle der heime som lurer på kor mange lodd dei skal kjøpe i fruktkorg-boka på Haydom-basaren på bedehuset. Kjøp heile boka og endå meir! Dette er bistand som fungerer.

Les mer: Kvardags- og Helgeblogg, Henrik paa savanna

Relevante lenker: MAF, NLM, Haydom Lutheran Hospital

Ikke helt som forventet

(Foto: Kvardags- og Helgeblogg)

Når man reiser til et nytt sted, har man alltid gjort seg opp en mening på forhånd om hvordan det kommer til å være. Det er ikke alltid virkeligheten stemmer overens med forventningene. Henrik forteller:
Mat
Maten her er kjempegod! Og ikkje som min kjaere bror antyda, at det gaar i stekt ris og friterte fluge. Tysdag 21. oktober e foroevrig den offisielle dagen for daa ej droppa manera, og bestikk.

Trafikk
Eg tenkte at alle koeyrde som svin foer ej kom ned hit, dette stemmer ikkje heilt. Det er omtrent like mange som koeyrer skikkeleg seint her ogsaa. Dette foerer til at dalladalla og turbussar gjerne tilbringa like mykje tid i motsett koeyrefelt som i sitt eige, men alle er fullt klar over kva som er den rette sida. Dette hadde eg hoeyrt litt ymse om paa foerehand!

Mzungu
Eg hadde paa foerehand hoeyrt mykje om dette begrepet, men at dette var noko ein vart vant med etter kvart. Dette stemmer ikkje. For alle som ikkje er sikre paa kva mzungu betyr so er det eigentleg kiswahili for "europear", men vert brukt om alt som kan krype og gaa som ikkje ser ut som ein afrikanar. Det er omtrent som om dei lokale har ein slags bilbingo, berre med "europearar". Oftast naar eg gaar i gatene stoppar praten dei lokale seg i mellom akkurat lenge nok til at alle kan faa sagt det magiske ordet, og so fortsetje samtalen sin som om ingenting var hendt. Ei slags stadfesting av typen "Jassaa, du staar her og maler". Vert aldri vant til slikt!

Dans
Ellers tenkte eg at alle stod med trommer og dansa i gatene heile dagen lang, og dette stemmer heller ikkje. Men dette trur eg at eg har kome paa sjoel, og maa ikkje lastast paa nokon andre. Det viser seg i tillegg at alle paa CHRISC-kontoret foeler seg teite i dansesituasjonar! So mykje for lovnaden om afrikansk kurs i dans og tromme!

Ellers he ej det bra! Ej he overlevd all slags shabby tillaga/oppbevara mat, utallige kryssingar av trafikert veg, busstur med ein Allahbuss ifraa mellomkrigstida, og ja..Helge, sjoelv om det ikkje er ein stor kunst.

Les mer: Henrik paa savanna

Aftenbladet i Arusha

Arusha (Illustrasjonsfoto: Wikimedia Commons)

Helge og Henrik er i ferd med å finne seg til rette med livet i Arusha, Tanzania. Det viser seg at de ikke er de første nordmennene som har satt si fot i Arusha:
Me er altsaa paa plass paa kontoret til CHRISC i Arusha, eit rom paa omtrent 15 kvadrat der tre personar i tillegg til oss jobber. Aron som er nasjonalkoordinator, Phinneus som er utdanningsanvarleg i CHRISC, og Joseph som styrer oekonomien. Foreloepig gaar dagane med til aa bli kjent med byen, kjoepe noedvendige ting til leiligheten og snakke med folk. I gaar var me paa byvandring, og blir "angripen" av ein avisselgar, for saa vidt ikkje saa uvanleg her nede. Det spesielle var at den foerste avisa han drar fram er Stavanger Aftenblad. Rett nok i brukt utgaave, kun foerste del, og fraa forrige fredag, men likevel! Dette tyder paa at me ikkje er dei foerste kvite her i byen, og folk flest har nok sett ein nordmann foer.

I dag nar me tok Daladalaen til jobb, proevde konduktoeren aa svindle Henrik for 100TSH (omkring 50 oere). "Mia moja,"(ett hundre) svarer Henrik paa sin foreloepig noksaa begrensa swahili. Konduktoeren gir noksaa motvillig vekslepengene til Henrik, og klager litt paa mzunguane til dei andre passasjerane. (Phinneus har oversatt til oss i etterkant). Deretter annonserer han foer eg skal betale, at folk maa legge merke til ansiktsutrykket mitt i det han gjer meg for lite vekslepenger. Naar eg ogsaa vil ha vekslepengene mine, skaper det stor latter blant passasjerane. Eg gleder meg til aa kunne nok swahili til aa kunne ta igjen ;)
Fra: Kvardags- og Helgeblogg

Swahilikurs, hjertevenner og KRIK

Endelig en oppdatering fra Dar Es Salaam. Jon forteller om hva han og Per har holdt på med de siste to månedene:
Me har hatt det travelt etter at swahilikurset var ferdigt for halvannan månad sidan. Me har lagt 1150 forskjellige julakort med bilde av ungar frå dei forskjellige skulane me arbeider med. Desse blei sendt til Noreg og Strømmestiftelsen sine hjertevenner for tre veker sidan. Det stora problemet var å skaffa bilde av alle ungane, for det er ikkje kvar dag dei har tid/gidd/får lov til å gå på skulen. I tillegg er ein del av dei som har bytta skule eller måtte gå eit år om igjen, to elevar var døde. Me får litt slike opplysningar frå lærarane, men den beste kilden er faktisk å ha opprop i klassen og dersom meir enn tre elevar meine at eleven har slutta/bytta eller er død, så er det slik. Til lærarstaben sitt forsvar kan eg tilføya at på eine skulen er det 2800 elevar og mindre enn 50 lærarar. Det endte opp med at me tok bilder om dagen og arbeide med photoshop om kvelden. Måtte i tillegg fungera som teknisk konsulent i forbindelse med valg av/leiting etter trykkeri. Engineeren kan alt i Afrika, til Per sin store fortvilelse. Han er utdanna lærar.

Har vore på tur til Zanzibar ei helg. Fekk med oss KRIKtrening kl seks på laurdagsmorgon. Fantastisk bra stemning og enormt høgt nivå på dei individuelle ferdighetane. Blanding av muslimar og kristne, og alle ba til sin Gud. Viktig med ein møteplass der alle er velkomne, når muslimar og resten av gjengen ikkje er så gode venner i forbindelse med valg og styre av øya. Gjekk oss vill i Stonetown fredagkvelden kl tolv, og det var ganske spennande. Det er ein labyrint å finna fram i, og vanskelig å finna veien når ingen snakke engelsk og me ikkje snakke swahili. Søndagen var me på ei øy like utanfor byen der det bur ein stor familie landskilpadder og det var nokon fengselsruinar. Fengselsruinane var stengt for oppussing??!

Les mer: Jon i Dar

Haldnytt: Hva har utvikling med sport å gjøre?

Christina Swan og Elisabeth Midttvedt skriver om CHRISC i Øst-Afrika:
Sport trener kroppen og gir generell velvære, men kan bli brukt til mye mer. Dette er Strømmestiftelsen og KRIKs arbeid i Øst Afrika et tydelig eksempel på. Kristen Idrettskontakt (KRIK) ble startet i Norge i 1981, da først og fremst for kristne toppidrettsutøvere som ville samles for å dele sin tro i idrettssammenhenger. I dag er organisasjonen åpen for alle unge, uavhengig av sportsprestasjoner. Dette har skapt et enormt engasjement på globalt nivå, og gjort KRIK til et viktig redskap mot fattigdom.

Haldnytt nr. 3-2005: Les mer