Water boy

Kapteinen på Nyerere FC U16 lyfter pokalen (Foto: Kvardags- og Helgeblogg)
I slutten av november arrangerte CHRISC en stor turnering for alle ungdomslagene i Arusha. Henrik ble sittende med et stort og tyngende ansvar under arrangementet:
CHRISC her i Arusha arrangerar eit heilt ligasystem for ungar under 12, 14 og 16 aar, og det er heile 5 soner rundt om. Vinnarane av desse braka saman i ein "final battle" paa Arusha stadion, "theatre of dreams", og med to mzunguar med ei jokerrolle. Helge var ikkje heilt i form etter ein lang og fortruleg nattleg samtale med elgen Helge og hadde ingen spesielle rolle anna enn aa vere mzungo og joker. Eg, som ikkje skulle verte sjuk foer seinare paa kvelden denne dagen hadde det aerefulle og tyngande vervet aa vere vatnansvarleg. Svaere greier, og eg er glad eg har 4 aars universitetsutdanning som ballast for aa klare oppgaava.

Les mer: Henrik paa savanna
Helge forteller videre:
Stemninga var god og fair play stod sterkt, men som alle veit er jo det viktigaste ikkje å delta, men å vinne. På biletet ser me Nyerere FC ta i mot pokal for siger i U16-klassen. Nyerere var for øvrig namnen på presidenten i Tanzania 1961-1985, og blir rekna som landsfader. Eg føler annakvart lag heiter Nyerere FC.Dei laga som ikkje heiter Nyerere FC, bruker fylgjande oppskrift på å finne lagnamn:

Young ----Stars
Tanzania --Warriors
Arusha ----Tigers

Vel eit namn frå venstre kolonne, og eit frå høgre. Ferdig.
CHRISC er eit litt anna opplegg enn KRIK heime, sidan CHRISC også må ta rolla som vanleg idrettslag, fotballforbund og så vidare. Difor er konkurransepreget litt sterkare enn eg er vand med i Noreg, men etter kvart har eg innsett at det kanskje funker best slik her nede. CHRISC-ligaane berre i Arusha sysselset meir enn 1000 ungdomar med sunn aktivitet, som held dei vekke frå limsniffing og kriminalitet, som er dei andre fritidstilboda her nede. I tillegg får dei høyre Guds ord, lærer å oppføre seg fair play, og mange av dei får etterkvart leiaransvar som kan anvendas på andre områder i livet. Så konklusjonen min er at CHRISC fungerer som bistand!

Les meir: Kvardags- og Helgeblogg

0 kommentar(er):

Legg inn en kommentar