Til Haydom og tilbake igjen


Henrik og Helge har vært ute på et aldri så lite eventyr. Turen gikk til «eventyrslottet» Haydom Lutheran Hospital. Helge forteller:
Den 5. november var starten på ein ganske absurd oppleving her nede. Me stod og snakka med ”Peri” som i tillegg til å jobbe på NLM sitt Scripture Mission-prosjekt og jobber litt for CHRISC i Arusha, og plutseleg fekk han for seg at Henrik og meg skulle til Haydom dagen etter. Det har seg slik at Eivind Johannes, som er pilot for MAF, skulle ein snartur innom Haydom, og han hadde ledige seter i flyet dersom me ville slenge oss på.

For dei som ikkje veit kva Haydom er, så dreier det seg om eit sjukehus som ligg øde til midt på høgslettene ved Great Rift Valley, retning vestover frå Arusha. [...] Det dreier seg ikkje om eit kva som helst sjukehus [...] Gjennom heile barndomen har me samla inn pengar til dette eventyrslottet langt langt vekke i eit land der dei kviler hovudet på ein liten krakk når dei søv, drep løver om dei ikkje søv og der alle smiler fint og oppstil på lysbiletene som den aldrande misjonæren viser stolt for heimbygda si. For meg, og sikkert for mange andre, har Haydom ein spesiell status. Kvart år strikker bestemødre sokkar til julemessa, ungar sel sjølvlagde malerier og til og med 14-åringar som er alt for kule til slikt går med på å vaske bilen til far for 100 kr når det er snakk om Haydom. Haydom Lutheran Hospital. Og plutseleg får me moglegheit til å besøkje dette vidunderet! Det er klart me takkar ja!

[...]

Til tross for mørke skyer trua gjekk turen inn til Haydom svært knirkefritt. Det var faktisk ein fordel med skyene. Eitmotors stempelmotorfly har ikkje lov å flyge på instrument, altså i skyer og i mørkre, dermed flaug me lågt og fekk sjå endå betre!Henrik og Nikodemus i firsprang rundt paa Haydom

Vel framme på Haydom blir me køyrde inn på sjukehusområdet i lag med sjukehusdirektør og visedirektør, før me inntok ein rask, men god lunsj i familien Olsen si stove. No hadde me mindre enn ein time til flyet vårt gjekk i retur, så me sprang rundt på sjukehuset medan labteknikar Nikodemus eminent forklarte kva dei ulike bygningane innehaldt. Akkutmottak her, fødestove der, tuberkulosesengepost, avrusingsklinikk, radiografi, laboratorium, barneavdeling. Så fort gjekk det, klokka nærma seg drastisk tre, me takka for omvisninga og vart køyrde ut til flystripa.

Men i løpet av av omvisninga hadde det byrja å regne. Og her snakker me ikkje om yr, men ekte høljeregn. Småfly er ikkje så glade i regn, spesielt ikkje under letting og landing. Dermed sat me på flystripa og venta på betre tider. Siste avgangstid nærma seg, me måtte vere i Arusha før sola gjekk ned. Me kom oss av garde i eit ”vindauge” 20 minutt før deadline, etter dette hadde me fått ei ekstra natt i Haydom om me ville det eller ikkje. Etter ein time i lufta der me såg Great Rift Valley, karakteristiske masailandsbyar, og ikkje minst litt etterlengta vatn i elveleia kring i landet, var me attende i Arusha.

Eventyrslottet i landet langt langt vekke er fortsatt eit eventyr, men eit eventyr me har sett med eigne auge! Ikkje berre eit sjukehus som betyr liv eller død for eit hav av folk, men også ein arbeidsplass for over 500 lokalt ansatte, sjukepleiarskule, gardsdrift og meir. Så, til alle der heime som lurer på kor mange lodd dei skal kjøpe i fruktkorg-boka på Haydom-basaren på bedehuset. Kjøp heile boka og endå meir! Dette er bistand som fungerer.

Les mer: Kvardags- og Helgeblogg, Henrik paa savanna

Relevante lenker: MAF, NLM, Haydom Lutheran Hospital

0 kommentar(er):

Legg inn en kommentar