Elise i Iquitos: Sånn bur me


Eg registrerer andre Haldstudentar har lagt ut bilete av korleis dei bur, sá her kjem altsà bilete av korleis me bur! Har fàtt ein veldig liten, men fin leilighet i denne bygningen her, 10 min à gà frà La Restinga. Veldig nógd med den. Leiligheten er eit lite rom, og i det eine hjórnet er det bad. Me har ein liten kjókkenkrok, men har ikkje kjóleskap enno, men det skal me kjópe oss sá snart som mogleg. Vindauga gár ut mot gangen. Det er veldig lytt og mykje stóy frá motocarroane, men ein má jo rekne med litt svinn - det er jo sjarmerande òg! Me har vasskokar (av og til koker me vatnet, av og til kjóper me - nár ein blir van med smaken pá springvatnet - evnt drikk veldig fort, slik at ein ikkje legg merke til smaken - gár det veldig bra). Me har òg planar om á kjópe oss ein liten steikeplate. Til no har me berre ete middag ute (utanom ein gong, dá me át nudler heime - mega Óytun-flashback), men det skal vere greit á ha moglegheiten til á lage eigen mat óg.

Les mer

0 kommentar(er):

Legg inn en kommentar