Swahilikurs, hjertevenner og KRIK

Endelig en oppdatering fra Dar Es Salaam. Jon forteller om hva han og Per har holdt på med de siste to månedene:
Me har hatt det travelt etter at swahilikurset var ferdigt for halvannan månad sidan. Me har lagt 1150 forskjellige julakort med bilde av ungar frå dei forskjellige skulane me arbeider med. Desse blei sendt til Noreg og Strømmestiftelsen sine hjertevenner for tre veker sidan. Det stora problemet var å skaffa bilde av alle ungane, for det er ikkje kvar dag dei har tid/gidd/får lov til å gå på skulen. I tillegg er ein del av dei som har bytta skule eller måtte gå eit år om igjen, to elevar var døde. Me får litt slike opplysningar frå lærarane, men den beste kilden er faktisk å ha opprop i klassen og dersom meir enn tre elevar meine at eleven har slutta/bytta eller er død, så er det slik. Til lærarstaben sitt forsvar kan eg tilføya at på eine skulen er det 2800 elevar og mindre enn 50 lærarar. Det endte opp med at me tok bilder om dagen og arbeide med photoshop om kvelden. Måtte i tillegg fungera som teknisk konsulent i forbindelse med valg av/leiting etter trykkeri. Engineeren kan alt i Afrika, til Per sin store fortvilelse. Han er utdanna lærar.

Har vore på tur til Zanzibar ei helg. Fekk med oss KRIKtrening kl seks på laurdagsmorgon. Fantastisk bra stemning og enormt høgt nivå på dei individuelle ferdighetane. Blanding av muslimar og kristne, og alle ba til sin Gud. Viktig med ein møteplass der alle er velkomne, når muslimar og resten av gjengen ikkje er så gode venner i forbindelse med valg og styre av øya. Gjekk oss vill i Stonetown fredagkvelden kl tolv, og det var ganske spennande. Det er ein labyrint å finna fram i, og vanskelig å finna veien når ingen snakke engelsk og me ikkje snakke swahili. Søndagen var me på ei øy like utanfor byen der det bur ein stor familie landskilpadder og det var nokon fengselsruinar. Fengselsruinane var stengt for oppussing??!

Les mer: Jon i Dar

0 kommentar(er):

Legg inn en kommentar