National Camp


CHRISC i Tanzania har arrangert nasjonal sportsleir. Henrik forteller:
Heilt ifrå etter Kilimanjaroturen har National Camp vore det store arbeidsemnet på CHRISC-kontoret. National Camp er meint å vere det tanzanianske motstykket til KRIK sitt Arena om sommaren, men enormt konkurranseinstinkt og lite gjennomtenkt opplegg har gjort leiren meir lik Norway Cup fram til no. Dette var noko vi, og resten av KRIK i Noreg, var fast bestemte på å endre. At Norsk Folkehjelp, som sit på heile pengesekken til leiren, òg var blitt gretne på dette gjorde at vi hadde kniven på strupa for å få dette til i tillegg. For å gjere ei lang historie kort gjekk dette veldig bra, og forbetringane i forhold til førre år var enorm. Det som kanskje er enno betre er at nøkkelpersonell i CHRISC Tanzania såg at endringane KRIK tvinga fram gjorde leiren til ein mykje betre leir i tillegg, og dette lovar godt for framtidige nasjonale campar.

Etter at vi alle hadde stikke fingeren i jorda kom vi til at Hald-studentar ikkje var de best skikka til å springe rundt og gjere innkjøp og ærend på swahili. Det hadde blitt nokre ganske dyre prisar i tillegg. Eg og Helge, eller H H group som vi so populært heiter, fekk difor ansvar for all dokumentering med bilete og video. Heilt perfekt for min del, og det gav meg frie tøylar til å gå rundt og prate med folk og fe samt å filme og ta bilete av alt som skjedde. No kan eg nok ikkje skryte av å ha filma alt som skjedde, men i ettertid ser eg at mengda med råfilm som skal redigerast er meir enn nok med tanke på den sparsomme tida eg har att her i Tanzania. At eg valgte å ikkje kjøpe flunkande ny pc før eg drog hit ned gjer òg sitt til at det tek tid=)

Les mer: Henrik paa savanna, Kvardags- og Helgeblogg

0 kommentar(er):

Legg inn en kommentar