Kilimanjaro

Man kan ikke bo et halvt år nesten i skyggen av Kilimanjaro uten å ta turen til toppen. Henrik og Helge har vært på ekspedisjon:
Klokka er kvart over to om natta, og GPSen viser 5244 meter over havet.Fem små skritt fylgt av fem pust pause. Fem nye skritt og fem pust pause. Om igjen og om igjen. Sidan eg har GPSen og kontroll på høgdemetrane, går eg først av oss og styrer tempo. Til no har eg gått sakte med vilje, for å ikkje vinne meir enn om lag 160 høgdemeter i timen. Men no går eg på maks turtal, og eg pustar som ein flodhest som akkurat har sprunge ein 3000-meter på under ni minutt. Men me har slettes ikkje sprunge ein 3000-meter, me har gått om lag halvannan kilometer med 500 meter stigning på knapt tre timar.

Siste hytte var Kibo Hut, der me med varierande hell prøvde å få i oss litt næring og nokre timar søvn. Hovudguiden vår, Howard, blir utålmodig og vil dele opp gruppa, slik at dei som har krefter og pust til det kan auke farten for å halde varmen. Fire lag tøy på beina og fem på overkroppen klarer ikkje å hindre at eg frys. Me står no ved Hans Meyer Cave, oppkalla etter den første kvite mann som sette sine bein på toppen av Kilimanjaro. Eg presser ned ei kule norsk julemarsipan og ein Mini-Twix for ikkje å gå næringstom i løpet av natta.

Les mer: Kvardags- og Helgeblogg, Henrik paa savanna

0 kommentar(er):

Legg inn en kommentar