Håp i eit hol i bakken

Alalay Santa Cruz (Foto: Thoughts from Bolivia)

Marius og Svenn er framme i Santa Cruz. Marius er klar for å slå seg til ro i sin nye hjemby:
No er eg verkelig lei av det å forlate steder. Og godt er det. For no er eg ved siste stasjon. Bolivia, Santa Cruz, gatebarna. Opphaldet i Bolivia har vore strak oppoverbakke sidan dag nr to. Vår første bolivianske natt og soloppgong vart nemlig beskua frå ein kaffibar i “international arrivals” -avdelinga ved Viru Viru Airport. Vi var desverre ikkje venta før dagen etter. Men etter eit par (hundre) telefonar fekk vi omsider tak i ein av kontaktpersonane på den meterlange lista. Vi havna omsider i seng i 7 tida, der blei vi heile dagen, og natta med.

Dagen derpå var dagen der alt snudde til det lyse. Vi fekk møte Jesus, den mystiske personen som skulle ha møtt oss på flyplassen natta før. Vi vart omsider knytta opp mot Alalay. Alalay er delt opp i forskjellige trinn som barna klatrar oppover på. Nederst på stigen får dei dele eit rom med andre barn på i heim inne i byen, på trinn nummer to får dei eit finare rom i same huset, og dei får begynne på skule.

Vi fekk besøke Jentehuset på den første dagen. Folk er så forskjellige. Nokre av jentene kom springande mot oss, andre sprang i motsatt retning og vart ikkje å sjå på fleire timar. I denne heimen får jentene det dei treng. Dei får mat, skulegang, kler og nokon å snakke med. Det dei kanskje treng aller mest er menneskelig kontakt og eit godt miljø. Desse jentene har vore igjenom diverse ting som dei verkelig treng å snakke med nokon om.

Dagen etter er det guttehuset som skal lerast å kjenne. Vi blir kalla “hermanos” (brødre). Hermano Mario (meg) fekk sin første meiningsfulle fotballkamp akkutar på denne barneheimen i Bolivia. Når ein ser korleis desse barna nyter det å spele fotball er det vanskelig å ikkje la seg rive med.

Dei yngste var det ikkje så hardt å komme i kontakt med. Dei sleng seg i armkroken din, eksaminerer og undersøkjer deg, samanliknar kor store hender du har og kor langt ein kan bøye fingrane dine før du protesterar. Det er merkelig kor lita tid det tar før dei føler seg trygg på deg. Samtidig kan ein jo forstå også, når ein tenkjer seg at dei vokser opp ein stad der folk kjem og går, og nye voluntørar dukkar opp stadig vekk.

Vi fekk vere med på leksehjelpen, og fekk dermed lide det nederlaget å oppdage at diverse rekneformlar frå barneskulen har gått i gløymeboka. Flaut er det. Andre fag var greiare å hjelpe til med, slik som kristendom. Her var det berre rett og slett berre å pugge navna på alle bøka i bibelen. Besynderlig måte å lære om kristendomen på spør du meg, men så er vi jo også i eit katolsk land.

Etter mykje om og men og kos og klems med ungane var det ut på gata. Barna på gata lever eit ganske annaleis liv. Ut frå underjordiske tunellar strøyma dei. Dei er mage og dette er huset deira, dette er livet deira, gata er mor deira. Gata passar ikkje særleg godt på sine barn. Førstehjelsutstyret vår måtte trå til. Dei to jentene frå gateorganisasjonen “plataforma” hadde med seg eit lite skrin. Dei myldra rundt oss, mangen med ein liten kopp med lim tett opptil nasa, mange med store arr på overkroppen. Alderen var omtrent 11-18.

Vi fekk snakka nermare med to av desse gutane. Dei var relativt nye på gata. Dei ville bort. Plataforma -jentene tok eit par telefonar, og det var i orden. Dei fekk komme til ein heim utanfor byen. Vi tar bussen saman med dei. Den eine er litt berusa av eit eller anna. 14 år er han, og allereie har han opplevd nok til at han ynskjer å gløyme alt i samen. Ruse seg, sleppe unna livet for ei stund. Gutta vart vell ransaka og etterpå plassert på lasteplanet til ein pickup saman med alle dei andre barna og oss (meg og Svenn, eller Stevan som han heiter her)

Pickupen tok oss til huset der gutta skulle tilbringe natta. Dette var noko anna enn det holet dei kom krypandes ut av tidlegare på dagen. Eit flunka nytt hus, med kvite fliser på golvet, dusjar, kler, mat og senger til alle. Her skal dei sove i natt og forhopentligvis blir dei der til dei har vent seg av med å ruse seg, stjele og bruke vald. Eg håpar dei blir.

Fra Reisebrev frå Marius
Les mer: Thoughts from Bolivia 1 (engelsk), Thoughts from Bolivia 2 (engelsk)

0 kommentar(er):

Legg inn en kommentar