Elise i Iquitos: Om å gå på skolen i Peru og tenåringsprostitusjon i Iquitos

Skoleåret er i gang igjen i Iquitos. Elise skriver:
Ja, dà er skulen i gong, og La Restinga vender seint men sikkert tilbake til slik det var fór ferien. Eg og Camilla hjelper framleis til med Aula Movil - leksehjelp om morgonane for dei minste, to morgonar i veka, og sà er me der kvar kveld for à hjelpe til med leksehjelp for dei som er der om ettermiddagen/kvelden. I desse fórste veken etter skulen starta opp, har dei ofte ikkje sà mykje lekser enno, sà det er ikkje sà mange som treng hjelp enno. Men det har kome ein del nye gutar til gruppa om kvelden. Denne kveldsgruppa er altsà Entre Nos, det prosjektet som jobbar med dei som er er i situasjonar med seksuell utnytting, eller som er i faresonen for à kome i slike situasjonar. Denne gruppa har fór bestàtt mest av tenàringsjenter, men dette problemet er desverre ganske utbreidd blant gutar òg, men her er det meir mórketal, for det er meir tabu for gutar. Men no i det siste har det vore ein del tenàringsgutar òg, sà det er eit bra teikn. Dà blir det lettare for andre à kome òg.

Les mer

Elise skriver om skolesystemet i Peru:
Sjólv om grunnskulen offisielt sett er gratis, mà dei betale for bóker, materiale og skuleuniformar sjólv. Dersom dei ikkje har korrekt skuleuniform, fàr dei ikkje kome pà skulen. La Restinga stótter ein del elevar med materialet dei treng. Skulesystemet er lagt veldig mykje opp til at elevane skal kopiere det som stàr pà tavla utan nódvendigvis à forstà det dei laerer. Leksene er ofte oppgàver dei mà slà opp i leksikon eller andre bóker for à kunne svare pà. Det er ikkje sà lett dersom ein ikkje eig ei einaste bok heime. Heldigvis har La Restinga bàde bóker og laerarar til disposisjon.

Les mer
Les mer om tenåringsprostitusjon i Iquitos:
Tenåringsprostitusjon i Iquitos er i dag eit stort problem. Mange ungdommar hamnar her i situasjonar der dei blir utsette for seksuell utnytting eller der dei sel sex. Kvifor er det mange ungdommar som prostituerer seg, og korleis jobbar La Restinga for å forebygge og bekjempe dette problemet? (...) Grunnane til at det er folk som hamnar i ein seksuell utnyttande situasjonen er mange. Det er ikkje gjort undersøkingar på kor mange ungdommar som er i eit utyttingssituasjon i forhold til å selje sex, det er for lite arbeid som drives blant tenåringar i denne situasjonen, men problemet er tydeleg, og det gjeld mange. Den mest openbare grunnen til at ungdom hamnar i seksuelt utnyttande situasjonar er fattigdomen. Dei aller fleste som blir utsette for seksuell utnytting, er fattige. Fattgdomen fører med seg eit hav av andre konsekvenser.

Les mer

0 kommentar(er):

Legg inn en kommentar