Mwanza Rock City

Å jobbe som frivillig i CHRISC innebærer en del reisevirksomhet. Helge forteller fra turen sin til Mwanza, Tanzania:
Sist veke reiste Phinneus, Henrik og meg til Mwanza for å lære CHRISC-medlemane der om fyrstehjelp. Sjølv om den jamne tanzanianar vil svare ”It is not far” dersom du spør kvar denne byen ligg, er ikkje Mwanza akkurat eit steinkast frå Arusha. Over 800 km veg av varierande kvalitet skal overvinnast, og reisa starta dermed klokka 0500 frå kåken vår.

Å ta buss i Afrika er ei oppleving som alle bør utsetja seg for i løpet av livet. At tanzanianarar likar å sitje trongt har me erfart på lokaltransporten, og det same gjeld over lenger distansar. 2+3 seter i breidden er litt for mykje for svære nordmenn, og stikkord etter tolv timar er svette, skeiv rygg og ei skinke som har sovna.

Bussjåføren køyrte som om han rappa bussen, og hadde ei sterk overbevisning om at fartshumpar var for syklistar og kvitingar. Det er to grunnar til å stoppe bussen, den eine er for å la passasjerane pisse langs vegen, den andre er dei evindelige politikontrollane. Merk at av- og påstigning ikkje treng å bety at bussen står i ro.

Minst ti gonger på veg til Mwanza vart me stoppa av politiet, militæret eller andre som har opparbeida seg ein viss autoritet, og veit fortsatt ikkje kva dei leiter etter når dei stopper bussen. Frontruta er knust, sjåføren tar femgangen på fartsgrensa (100 km/t i 20-sone), folk ligg i midtgongen og bussen har 9 forskjellige horn men berre ei bremse. Dette overser politibetjentane lett, mot at dei får litt shillings i lommen. Utan kvittering.

Som memnt var det ikkje berre folk i politiuniform som stoppa oss. Ei militærtropp kvilte under eit tre, og stod på skift ute i vegen og stoppa tilfeldig forbipasserande køyrety. Sjølv om eg har ein innebygd skepsis til uniformerte menn med våpen i Afrika (det må ha noko med påverkning frå film å gjere...), vart det berre litt skummelt ein gong. Det var nå me vart stoppa av ein gjeng utan uniform, kun med AK-47. Men også dei ville bare spør om sjåføren hadde det fint, få nokre småsedlar i lomma og så var alt greit. Rart det der.

Etter langt og lenger enn langt kom me til Mwanza Rock City. Henrik var litt gira på å finne ut om byen levde opp til namnet, om den hadde mange AC/DC tribute-band og mykje livemusikk, kanskje ein konsert me kunne gå på? Her tok me diverre grundig feil, byen har fått navnet etter alle steinane i byen, og ikkje på grunn av at musikken er prega av dobbel basstrommepedal og vreng på gitaren. Når det er sagt, så såg eg faktisk ein mann med rastafletter og elgitartrekk.

Etter den verste skuffelsen over mangel på rockemusikk hadde lagt seg, oppdaga me at Mwanza er ein fin by! Ikkje så skitten som Arusha, og litt fredeligare, sjølv om byen er større enn Arusha. Under ser me bilete av Bismarck Rock, denne ligg i Victoriasjøen, eit steinkast frå strandlinja midt i Mwanza by. Å sjå sjø i horisonten var balsam for sjela, og sjølv om dette er ein innsjø er det over 300km frå den eine enden til den andre, og dermed tilfredstiljande sjølv for ein kresen vestlending. Ein anna fordel i Mwanza er at står sola opp seinare og varer lenger utover kvelden, dette passar fint til min døgnrytme!

Les mer: Kvardags- og Helgeblogg, Henrik paa savanna

0 kommentar(er):

Legg inn en kommentar