Lukten av jul


Å feire jul langt fra familie og venner kan være en spesiell opplevelse. Marius, som har tilbrakt høytiden på Alalay i Santa Cruz, Bolivia, har følgende stemningsrapport på sin blogg:
Dei er sure, grønne og bittesmå, men lukta av dei bringer ei lita eim av julestemning. Dette er det sjølvsagt ingen andre enn meg som veit. Eg trur eigentleg ikkje det er så vanleg å ete mandariner her ved juletid. Dei er jo langt frå modna enda. Gutane har likevel invadert treet. Ikkje skjønar eg korleis dei har klart det. Mandarintreet er fult av spisse piggar, og greinene stikker ut i hist og pist og gjer det lettare umogleg å klatre i.

[...]

Julekvelden var vi alle samla i den store salen. Alle sytti. Det måtte jo rett og slett bli eit salig rabalder. Gutar og jenter skriker og hyler, sterioanlegget fyrer på med reagaeton-musikk og Fyrverkeri og kinaputtar går av i kvart eit hjørne.
Klokka 00:00 spiste vi julekyllingen vår. Gutane frå min cabaña fekk gåvene sine, den nye orange fotballen og dvd-spelaren. Desse gåvene var frå meg og frå Jonas, som jobbar med gutane når eg er i byen. Etterpå dansar vi og fyrer av kinaputtar heilt til vi stuper til køys ein eller annan gong midt på natta.

Les mer: Reisebrev frå Marius, Thoughts from Bolivia (engelsk)
Hvordan julefeiringen foregikk på Alalay i La Paz kan du lese om her: paa ville vegar, Den utrolige reisen - Guros tid på Alalay i bolivia
Julefeiring i Lima: Kristin i Peru (Tierra de niños), Ett år i Lima (CEDETEP), Thea en Peru! (CEDETEP)

0 kommentar(er):

Legg inn en kommentar