Elise i Iquitos: Kino på boulevarden


Laurdag arrangerte La Restinga Kino Iquitos nede pà boulevarden. Det var den kanadiske voluntóren Yannick som, saman med ungdomane pà La Restinga hadde laga og redigert mange filmar. Det var sterke filmar som tok for seg alvorlege emne til ungdom i Iquitos, som tenàringsprostitusjon, barnearbeidarar, korleis det er à ikkje bli akseptert som ein er av foreldra sine, og livet som ungdom i Iquitos. Men det var òg andre filmar, underhaldande filmar, film frà jungelen og til og med ein skrekkfilm! Eg blir skikkeleg inponert over ungdommane pà La Restinga, dette er ein herleg gjeng - full av kreativitet og pàgangsmot. Og sà aerlege og opne dei er!

Les mer

0 kommentar(er):

Legg inn en kommentar