Peru-tid

Bente deler noen tanker omkring peruanernes forhold til tid:
Foto: Bentesida

Ein má virkelig vere tolmodig for á bruke maskinene her i byen..Ting tar tid. Det gjeld eigentleg for alt her. Marte og eg erfarer daglig det peruanske avslappa tidsperspektivet. Det er ingen som skynder seg eller har dárlig tid her. Ikkje ute pá gata, ikkje nár vi handlar i butikkar eller nár vi skal starte aktivitetar i huset til La Restinga. Eg begynner á forstá at dei tenker annerledes om mange ting her, som for eksempel at ein avtale til eit klokkeslett betyr ikkje at ein skal mótast det klokkeslettet. Folk kjem kanskje ein halvtime eller ein time etterpá. Viss dei i det heile tatt kjem den dagen. Kvifor stresse, liksom. Fuktigheten og varmen gjer det nesten umulig á stresse her. "Sjefane" váre, Ítala og Puchín, som styrer organisasjonen La Restinga, tok oss med til eit basseng midt i lunsjen ein dag. Det var kjempeherlig og avslappande der. Vi sov eit par timar i hengekóyer etter vi hadde bada. Det er livet, det. For dei er det kanskje ein del av jobben. Det virkar ikkje som om dei skiller sá veldig mellom kva som er arbeid og kva som er fritid.

Les mer: Bentesida

0 kommentar(er):

Legg inn en kommentar