Bente i Iquitos: "Prostitusjon" blant mindreårige

For tida er eg i gang med à avslutte oppgàva om La Restinga sitt arbeid med offer for kommersiell seksuell utnytting av mindreàrige. For à vere meir generell kan ein kalle dei for tenàringsprostituerte, men meir korrekt er offer, for dei er tross alt i ein utnyttingssituasjon. Det er eit utrulig interessant arbeid, men eit vannvittig sterkt tema. Den siste veka har eg intervjua prosjektmedarbeidarane i eit underprosjekt av La Restinga som heiter "La Restinga Entre Nos". Det betyr La Restinga blant oss, og dei arbeider med jenter utsatt for dette.

Les mer

0 kommentar(er):

Legg inn en kommentar