Elise i Iquitos: Feltarbeid


Ein kveld blei eg og Camilla med to av lærarane på La Restinga ut på eit diskotek her i Iquitos. Dette er ein del av arbeidsoppgåvene til Entre Nos – prosjektet som arbeidar mot seksuell utnytting av barn og unge. Me skulle observere – ha augo med oss, og sjå om me såg personar som kunne vere i denne situasjonen. Entre Nos jobbar både med forebyggande arbeid, men òg med å fange opp folk som allereie er i denne situasjonen. Måten dei gjer det på, er å oppsøke stader der dei veit at sal av sex foregår, for å finne ut kven som sel seg sjølv. Teamet i Entre Nos gjer aldri noko på sjølve utestaden, då er det berre obsevasjon, for å vete kven det gjeld, slik at dei kan ta kontakt dersom dei møter dei igjen seinare. Då fortel dei ungdomane om La Restinga, og inviterer dei der, for å henge der og sjekke ut plassen.

0 kommentar(er):

Legg inn en kommentar