Sist veke var eg og Camilla igjen på besøk til Belen. Sidan me var der sist, før jul, hadde elva stige, som den gjer kvart år i desember. Heile området var dekka med vatn. Husa, som er bygd på balsampålar, blir til flytehus. Volleyballbanen var oversvømt, og folk bada og padla i kano der dei for to månadar sidan spelte fotball. Alle som før budde nede, i første etasje på huset sitt, hadde flytta opp i andre etasje. Heile området var forandra. Dei som bur innerst kanten går på plankar mellom husa for å kome seg fram. Dei andre må ha ein båt eller kano for å kome seg til heim. Plassen ser rett og slett ut som eit stort svømmebasseng. Camilla og meg blei med ungane i ein kano rundt området, der dei bada.
Les mer
Elise i Iquitos: Bading i Belén
Dette innlegget handler om:
Elise,
Iquitos,
La Restinga,
Norsk,
Peru,
Sør-Amerika
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentar(er):
Legg inn en kommentar