Elise i Iquitos: Helgetur til Colombia og Brasil


På grunn av visabestemmelsane, kan me berre opphalde oss i Peru nitti dagar om gongen. Difor må me ut av landet, bli stempla inn i eit nytt land og tilbake til Peru igjen for å få nye nitti dagar. Den første gongen me var ute av landet etter me kom til Peru, var då me var i Bolivia i januar. Frå januar til me drar heim den 25. april, var det litt over nitti dagar, så då måtte me ut av landet igjen før det (ellers måtta me betalt ei bot når me drar frå landet). Alternativet hadde vore å gått på eit kontor her i Iquitos og betalt litt for å fornya visumet, men det er jo sjølvsagt ein god unnskuldning og mykje kjekkare å dra på tur!

Les mer

0 kommentar(er):

Legg inn en kommentar